Rekk du ikkje å få fartøyinstruks før  1. januar 2019?

Om du ikkje rekk å få fartøyinstruks før 1. januar 2019 kan du ikkje fiska etter denne datoen. Du kan liggja til kai utan at du gjer noko ulovleg fram til båten vert sertifisert.

Det er fiskefartøy mellom 8 og 10,67 m som skal brukast i fartsområde kystfiske, og fartøy mellom 8 og 10,67 m bygd i perioden 1. januar 1983 til 31. desember 1991 som skal brukast i fartsområde fjordfiske som får krav om fartøyinstruks frå 1. januar 2019.

Det vert ikkje gitt utsetting på fristane.

Kontroll av fartøy skal gjerast av eit godkjent føretak. Du finn lista over godkjende føretak her.

Ved ein samfiskeordning må og det inaktive fartøyet ha fartøyinstruks innan 1. januar 2019 sjølv om fartøyet ligg til kai.